Juletre og juleblomster er forlengst på plass i Hageland Surnadal. Du får ein «kick» med julestemning når du kjem inn døra, og jammen er det koseleg når du får auge på eit hav med juleblomster i grønt og rødt. Søndagane før jul er butikken på Hageland open 12-17.
Om du vil ha kunstig eller ekte juletre kan du avgjera sjølv. Vi skal ikkje prøve å overbevise deg om verken det eine eller andre, men her finn du begge deler i stort utval – reine tusenmeterskogen med store og små tre.
Vi tok ein liten runde med kamera i butikken – resultatet vart galleriet nedafor. Alle foto: Jon Olav Ørsal