Det var mange som trossa regnvêret og tok turen til Skei, der det var både juletorg og julemesse. Ved kulturhuset var det juletorg både inne og ute, med Surnadal kommune og Kreativt Forum står som arrangør. I Gammelsamvirkelaget var det tradisjonell julemesse med Surnadal husflidslag som arrangør og eit stort utval i husflid av ymse slag.
Det var nok litt hustrig å stå på stand ute i regnvêret, men det var berre utruleg med aktivitet, og handelen gikk heile tida. Vi var der tidleg på kast, og arrangøren reknamed at det ville strøyme på med publikum når tida nærma seg for julegrantenning og andre aktivitetar.
Fotoglimt frå søndagens Juletorg og julemesse i Surnadal. Alle bilder: Jon Olav Ørsal