Vi trefte skrivargjengen for årets julerevy på møterommet på Talgø måndag kveld. Det er ein rutinert og kreativ gjeng som har lang fartstid i bransjen, og mesta før dei var ferdig med fjorårets julerevy er dei no altså komne godt i gang med neste. Oppslaga i media frå «todalsnumra» på årets revykveld med «Hæstlatter» vitnar om at det er kvalitet i alle ledd, og god underhaldning som revymiljøet i Todalen kan by på.
Arrangementsdatoen er sjølvsagt banka fast – det er 3. juledag 27. desember – og det er Todalen ungdomshus som er heimescena for revygjengen. Som sagt er dei godt i gang, og det er store ting på gang, skryter Håvard Halset som er pressetalsmann for julerevyen i år. Elles er skribentane Rune Moe, Laila kvendset og Anders Gjeldnes. Anders er vi kjent med frå scena, men i år vil han delta i skrivearbeidet. Anders har flytta til Todalen med familien, og gler seg til å bli med i revymiljøet igjen, sjølv om det i første omgang blir begrensa til førehandsjobbinga, for han er bortreist i jula.
Det er enno for tidleg å starte med øvingar, men fleire har alt meldt seg interessert i å bli med på scena. Etter kvart som gjengen i skrivarstova får litt kjøt på beina, vil det nok bli meir aktivitet i resten av gjengen. På spørsmål om det skal være nokon gjesteartist i år, svarar Håvard at det held vel på å bli nærst ein tradisjon. Så det arbeides altså med den saka og! Mat skal det også bli på revykvelden, fortel han, – vi satsar på utradisjonell julemat med mexikansk tilsnitt denne gonagen. Og kva som ligg i det står det att å sjå!
Todalingane gjorde lykke under reveyarrangementet «HÆSTlatter» på Thon Vårsøg Hotell i helga. Det presenterte eit par nummer frå fjorårets julerevy, som du kan lese meir om ved å klikke på linkane til Driva, Trollheimsporten og Tidens Krav.