Revygjengen har starta arbeidet med årets julerevy som har premierte 3. juledag i Todalen ungdomshus. Svein Åge Saksen leder arbeid med årets revy, som enno har arbeidstittelen «Hoinner og æn ut!».
Todalen.no traff revygjenen på eit av dei første samlingane, og det var litt av ein entusiasme og pågangsmot som vart lagt for dagen. Her var det ambisjonar, for å være heilt ærlig så må vi erkjenne at vi gler oss til jul!
Det er sjølvsagt mykje hemmelighetskremmeri enno, men revysjef Saksen røpar at suksessen med serveringsteater frå tidlegare skal vidareførast.
Kjøkkensjef Jon Olav Roaldset har fått fornya tillit og forsterkning på kjøkenet i og med at Camilla Rambø er komen med.
Det er litt uskifting av revymannskapet, men vi har i år fått med to revyveteranar i Gudmund Husby og Lars Husby.
Sjølvsagt blir det to forestillingar i år også. Den første blir en mellomting av generalprøve og ekstraframsyning. Men hovudforestillinga blir nok om kvelden, der det blir matservering og full pakke med underhaldning, seier årets revysjef Svein Åge Saksen til Todalen.no
Vårt råd: Sett av 3. juledag folkens!