No er billettane til julerevyen «#ViÅ» i sal på Matkroken Todalen. No er skrivearbeidet ferdig, og øvinga er godt i gang. No er det berre sensasjonelle hendigar som kan påvirke stoffet til julerevyen, gliser Anders Gjeldnes som er revysjef i år.
Som sagt heiter årets julerevy #ViÅ , og både namnet og innhaldet er prega av store og små ting som har skjedd enten her heime eller på meir sentrale plan. Det blir mykje artig underhaldning i revyen, fortel gjengen som var på øving da vi stakk innom. Det er i år både nytt og tradisjonelt mannskap – mellom anna Stig Husby som har vore med tidlegare men som har hatt ein lang pause på nærarer 25 år.
Av lekkasjesaker kan vi nemne at revygjengen har gjort ein innsats for å få tak i ny prest, og like ens har dei funne årsaka til at Dalavegen har rasa ut. Todalssongen med ny vri får vi også i ein nye spenstig avslutningssong. Nytt, oppsiktsvekkjande og banebrytande er nøkkelord for det vi får sjå og høyre 3. juledag, seier ein hemmelegheitsfull revysjef. Klikk på biletet så får du høyre og sjå!