Andre juledag var det mer enn alminneleg hektisk i Todalen ungdomshus. Heile revygjengen var på plass, og spenninga var til å ta og føle på når deltakarane skulle opp på scena for å kjøre gjennom programmet – gong etter gong, heilt til tekstane var «banka inn» og satt som dei skulle. Men eg trur faktisk at dei hadde full kontroll og resultatet av all skriving, og øving, får vi sjå 3. juledag – første forestilling kl 15 og hovudforestillinga kl 20. – Det er enno billettar att, og har du ikkje sikra deg billett, så er det å ta kuten til Matkroken, som har ope frå 16.00 – 18.00 i dag!
Vi trur dette blir bra undehaldning, og anbefaler at du sikrar deg ei billett til ei av forstillingane. Den første forestillinga startar som sagt kl 15, og da er det lagt inn ein kaffepause i programmet. Kveldsforestillinga byr også på varmrett for ein 50-lapp – australsk søtpotetsuppe med røkt svinekjøtt, eller spansk maissuppe med kylling – og sjølvsagt blir det sal av øl, vin og andre forfriskningar. Elles står utdeling av «Den Gyldne Patron» på programmet – det blir spennande å sjå kven som har gjort seg fortent til den heiderbevisninga!
Etter programmet byr «Verdiløse Menn» på forrykande livmusikk, står det i programmet. Dei byr på god oog stemningsfull musikk for både gammel og ung. Ta turen til ungdomshuset 3. juledag, oppfordrar leiar i fotballgruppa Knut Bergli – det er fotballgruppa som står bak arrangementet.