Femte juledag inviterte Todalshytta til julequiz, med Sondre Halset og Mari Redalen som quizmastrar. Det var bra deltaking og det vart ganske fort ein hard kamp om poenga og jamnt i teten. I runde i quizen relatert til julen, medan dei tre neste omgangane vart kalla blandadrops med nøtter.
Mellom 30 og 40 deltakarar stilte til konkurranse og var delt i 6 grupper med litt forskjellig deltakartal i kvar gruppe men det vart satsa med friskt mot. Etter 4 runder me quiz var det ikkje meir enn 6 poeng mellom dei 4 første laga. Dermed var det lag 5 som var Pensjonistpartiet-1 som gikk seirande ut. Dermed var resultatlista sjåande slik ut:
- lag 5 Pensjonistpartiet 56 poeng
- lag 3 SuperSolo 52 poeng
- lag 1 Oss pilsner 51 poeng
- lag 2 Julenissens hjelpere 50 poeng
- lag 6 Sparkepiken (med hjelpar) 40 poeng
- lag 4 YoloMackHonning 40 poeng
Todalshytta stillte med ein liten julemeny, slik at den som ville ha ein liten matbit fikk høve til det – kjøkkenet diska opp med prima pizza og hamburgertallerken. Triveleg kveld på hytta, og det såg ut som folk kosa seg i kvarandres selskap.