Førstkomande laurdag (28/11) er det julemesse i Nistua på Nordvik. Det er Torunn og Wenche som er initiativtakarar, men det blir tilsaman eit tital utstillarar og litt tå kvart å få kjøpt.
Dei skal ha ope fra 14.00 til 18.00, og det skal vere salglokaler både i Madsstua, stabburet og skottet. Her får du kjøpt både nissar og anna julepunt, samt lefser, mølsgraut, sild- og fiskprodukt, samt julepølser og sylteflesk. Keramikk og lappetepper blir det også i tillegg til at det skal vere open kafe med salg av kaffe med graut og bakels som tilbehør.
Dette har dei halde på med i 4-5 år fortel Torunn Nordvik, som gler seg til å kome igang med julemesse igjen. Så her er det berre å ta turen til Nordvik for å få ein forsmak på julestemninga.
