Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julelunsj med konjunkturbarometer

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. desember 2024

Surnadal Næringsforening kombinerte det behagelege med det nyttige da dei  inviterte medlemane til julelunsj på Hammerstuene, kombinert med litt fagleg input. På den faglege fronten var det Karin Nordli som sørga for presentasjon av konjunkturbarometeret som Sparebank1 hadde utarbeidd for Trøndelag og Møre og Romsdal.

Surnadal Næringsforening inviterte sine medlemar til julelunsj med fagleg input på HammerStuene på Surnadalsøra. Foto Jon Olav Ørsal

I tillegg var det tre av medlemane som presenterte si bedrift, og fortale litt om kva slag utfordringar dei var opptekne av.  Det var Jarle og Daniel Fiske som presenterte Møbelfiske, medan Ola Inge Sæther informerte om kva som går føre seg i Sætra Drift, og til slutt var det Sigmund Aandstad i PipeLife som fortalte om utfordringane i rørbransjen.
Men aller først var det Marta Torvik som ønska velkomen både på vegne av Hammerstuene der ho er vertskap og Surnadal Næringsforening, der ho er styremedlem.  Ho orienterte litt om utfordringane i serveringsbransjen og det første driftsåret etter at ho overtok Hammerstuene

Ei påskjønninga til Marta Torvik på HammeStuene frå Næringsforeninga og leiar Kari Stensby. Foto Jon Olav Ørsal

Etter maten tok Karin Norli, som er regionbanksjef Næringsliv i Sparebank1 SMN, for seg konjunkturbarometeret som banken hadde utarbeidd for Trøndelag og Møre og Romsdal. Her tek dei pulsen på næringslivet i dei to fylka, og vurderer status i dei ulike bransjane og prøver å forutsjå tendensar i utviklinga og kva forventninga vi skal ha for tida framover.  No ser dei ei positiv utvikling etter pandemien og det kan vel ventes at det blir rentenedgang i det nye året. Det er og knytt stor spenning til det grøne skiftet, men mykje av det som skjer heng nok saman med rentenivået. 

Neste post var Jarle og Daniel frå Møbelfiske, som både fortalte litt historikk om både møbelfabrikk og møbelhandel og ikkje minst om nyetableringa på Sunndalsøra der dei opna ny møbelbutikk for eit par veker sia.  Frå før er dei engasjerte i møbelhandel på Kyrksæterøra, i Kristiansund og ikkje minst i Surnadal der dei har hatt møbelbutikk på Skei sia 1986.

Ola Inge Sæther er dagleg leiar i Sætra Drift som har hatt mange prosjekt både i Surnadal og viden omkring. Foto Jon Olav Ørsal

Ola Inge Sæther presenterte si bedrift som er Sætra Drift AS.  Her er Ola Inge dagleg leiar og har eit stort engasjement i Surnadal, men har også engasjement i fleire kommunar rund omkring – mest på Nordmøre.  Det gjeld prosjekt som butikksenterbygg, leilegheitsbygg, Industribygg, Kontorbygg og ikkje minst rehabilitering av næringsbygg. Akkurat no held Sætra Drift på med ferdigstilling av første byggeprosjektet i Svartvassbakkan.

PipeLife har mange prosjekt på gang – vi fikk ein interessant presentasjon av bedrifta med Sigmund Aandstad som er dagleg leiar i bedrifta. Foto Jon Olav Ørsal

PipeLife og dagleg leiar Sigmund Aandstad var siste post på programmet. Han presenterte PipeLife og tok utgangspunkt i PipeLife i dag, der bedrifta i vesentleg grad driv i to segment – infrastruktur og bygg. 80 % av omsetninga er knytt til infrastruktur.  Bransjen har jobba tungt den siste tida, men Aandstad gav uttrykk for at det no er ei viss lysning i marknadssituasjonen. PipeLife er ein del av eit stort konsern som jobbar verda rundt. Dei jobbar med fleire ny forretningsområde, mellom anna med satsing på reinseanlegg og pumpesystem knytt til framtidige løysingar. 

Surnadal Næringsforening er medlem i Todalen.no

Publisert: 4. desember 2024, 19:04