Det er med blanda følelsa at han Jostu har starta førebuingane til jul. Han tykkjer at utviklinga har gått feil veg på mange frontar, og tykkjer det er på høg tid å «oppgradere» Julekveldsvisa. Samtidig ønskjer han alle ei god og fredfull jul og eit godt nyttår!
Julekveldsviså hass Jostu
Eg har ikkje vaska golvet,
Eg har ikkje bårre ve.
Eg har ikkje hengt opp føggelband,
har alt for dålne kne!
Men kjerringa ho vaska,
og steller i sitt hus.
Så det blir vel jul igjen,
for både mann og mus.
Eg dreg krakken bortåt orglet,
Der sett eg for meg sjølv.
Og gamle julsonga,
kjem trillan på ei fjøl.
Det er no om di vise menn,
til Betlehem dem dro.
Eg lura på ka dem ha sakt,
ha dem dukka oppatt no?
I krybba finn dem ingen barn,
alt for mange har gått bort.
Det regna bomber og granater,
Ka va det dem har gjort?
Og di vise menn ha gått se vill,
For julestjerna er skåtte ned.
Og dem som sitt med makta,
bruka ikkje ordet FRED.
Nei send leiaran i Hamas,
og i Israel.
Ta med å han Putin,
før det lir mot kveld.
Og i nattens mulm og mørke,
send dem langt av sted.
Kanskje ned til Helheimen,
Tru om det da blir fred?
Jostu