Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julekonsert med P17 – heilt topp

Jon Olav Ørsal Sundag 10. desember 2023

Vi har gledd oss lenge på årets julekonsert med P17-koret – og dei skuffa ikkje!  Det var skikkeleg levert frå Bernt Bøe og P17koret med forsterkningar.  Turid Røen Kroknes som Altsolist, Tove Elin Strand med fløyte og veteranen Tor Strand på orgel og piano.  Vi som satt i salen fekk vel ein time med tettpakka program – noko velkjent frå tidlegare år og noko nytt frå i år.  

«Bereite dich, Zion – arie frå Juleoratoriet – Turid Røen Kroknes er altsolist og hadde med seg Tor Strand på piano . Foto Jon Olav Ørsal

Publikum fekk også hove til å delta med allsong i lag med kor og instrument.  Allsongen avslørte da også at det var mange dyktige songarar i salen og det var ein fryd å høre songen når alle deltok.  Gjennom konserten fikk vi fleire samansetningar – både med mannskor, damekor og ikkje minst Turid Røen Kroknes med solosong.  

 

Tor Strand er veteran på julekonsertane saman med P17-koret

Julestemninga kom litt etter litt, og når publikum reiste seg og song «Deilig er jorden» trur eg ikkje det var nokon som klarte å stå i mot.  Vi skal ikkje gje oss ut på nokon fagle kommentar for konserten men til Bernt, P17 og alle andre må vi berre seie at det var flott levert!

Tove Elin Stran på fløyte satte en spiss på songen. foto Jon Olav Ørsal

P17-koret og dirigent Bernt Bøe – foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. desember 2023, 18:06