Søndag 16. desember kl 15.00 inviterer Todalskoret til julekantate i Todalen kyrkje. Den har dei kalla «I denne søte Juletid», og den er eit samarbeid mellom Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og BareBarokkBandet. Der blir det altså kantate, julesongar og det blir rikeleg høve til å ta del i allsongen.
Denne gongen har dei og med seg 4 solistar som tek del i programmet. Det er Todalskorets eigen Øystein Moe, Sigvrid V. Bøe, Marthe B. Stavrum og Tor Strand. Ta deg tid til å sleppe julestemninga innpå deg denne førjulssøndagen, for her blir det triveleg! Her kan du laste ned plakaten som PDF.