Bjørn Kvendset må være inne i ein vinnarstim no i kulda. Han vant den første gevinsten den 1. desember, og alt i dag er han atter vinnar – denne gongen er gevinsten ei spekkfjøl. Også den kortreist og laga i nærmiljøet, og er sjølvsagt kjekk å ha. Dagens andre gevisnt er heller ikkje å forakte, spesielt når kvikksølvet kryp så langt ned at det mesta kjem bort på gradstokken.
Dagens gevinst nummer to er nemleg eit par heimestrikka ullsokkar av beste sort. Den heldige vinnaren er Rita Storslett og ho kan lokaliserast til Inner-Baugen på Todalsøra. Og som vanleg vil vinnarane bli kontakta av TILs trimgruppe for å avtale overlevering av gevinstane.