Da er treking nr 7 gjort unna, og attafor den luka var det faktisk 3 gevinstar som no får sin eigar. Den første gevinster hamna på Kvennset, nærare bestemt hos Anders Halset. Det er 4 hekla juleenglar som er hekla i kvar si farge.
Den neste gevinsten er eit forkle, og det må no være ein egnating, etter som julebaksten er i ferd med å nå sitt hugdepunkt. Den heldige vinnaren er Råssinj – eller for å være meir presis Kjell Gunnar Polden – det ber altså åvom Falla med den gevinsten.
Dagens tredje gevinst ber det faktisk til Trondheim med. Gevinsten er ei julestrømpe, og den heldige vinnaren er Sondre Halset. Felles for alle vinnarane er at TIL trimgruppa tek kontakt med tanke på planlegging av utleveringslogistikken for dag 7 på Julekalenderen.