Det går unna med trekkjing av vinnarane til julekalenderen – vi er alt komne til luke 6, og bak den luka var det faktisk 3 gevunstar og dermed blir det 3 vinnarar på onsdag. Den første gevinsten vart trekt ut til Solvår Lindset Øyen på Solvollen – ho vart vinnar av eit par ullvottar.
Gevinst nr 2 denne dagen hamna i Surnadal, hos Ann Helen Aambø, som var vinnar av eit sitteunderlag i ull. 3. gevinsten, som er heklabrikkar, vart trekt ut til Dordi og Johan Hals i Todalshaugen.

Den heldige vinnaren av hekla brikkar i julefargar vart Dordi og Johan Hals i Todalshaugen. foto TIL trim
Felles for alle vinnarane er at dei vil bli kontakta for å avtale utlevering av gevinstane. Lykke til alle saman!