Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julekabaret for fullt hus

Julekabaret for fullt hus

Jon Olav Ørsal Måndag 28. desember 2009

Det var «stinn brakke» i Ungdomshuset 3. dagskvelden på idrettslagets julekabaret. Ungdomshuset var fylt til siste plass, og alle medrekna var det litt over to hundre personar innafor dørene.
På første framsyninga var det meir romsleg, men den var også bra besøkt. I det heile tatt er vi veldig godt nøgd med responsen på julekabareten, sa festsjef Bjørn Hauglann.
Nils Ove Bruset var kveldens konferansier og ønska velkomen. Han kalla kjøkkensjef Jon Olav Roaldset opp på scena for å presentere kveldens meny, som var skanksupe til forrett, kjøtt og gryn med balsamicosirup til hovudrett og heimelaga is med lune bringebær til dessert.
Etter at det meste av serveringa var unnagjort starta programmet kl 21.30 med velkomstsong. Vidare fikk vi solosong med Sina Kristin Moe, saman med Husbybrødrene Eirik og Lars Olav.
Vidare gjorde Lars Husby suksess med si «Vegvise» som i humoristiske ord og tonar omhandla ein kommunal tjenestemann si handtering av den nye tilførselsvegen til tunnellen.
Vidare var det eit innslag der Kristen Bruset las brev frå Lord Fjellbu om det storslåtte slottsprosjektet i Skeisnebba og søknaden til banken. Slutten på første akt var Lars Husby og Lars Sæther som framførte visa «Gammelrådmannen».
I andre akt fekk vi demonstrert ein imponerande gitarsolo med Lars Olav Husby, der han framførte «Song til Todalen» etter eige og utradisjonelt arrangement.
Nils Ove Bruset hausta stor applaus for si soge «Olmodur revflåar og det store vasshjulet». Den omhandla både kjente og mindre kjente personar i lokalmiljøet, og var skrive og framført i ein humoristisk sagastil.
Ein kan berre nemna Bergsvein Åklebærar, Gisle Surson, Ragnar den tørrlagte, Asbjørn Lauslugg, Gudmundur Klelaus og Per Storstamp.
Vidare på programmet var det «Gravøl i Romådala» som var skrevet og framført av Lars Sæther.
Siste akt starta med pubvise med forankring i lokalmiljøet på Todalsøra. Den var framført av Lars Sæther og Endre Talgø.
Elles er det vanleg med ein «nyhetsrunde» rundt bygda, og denne gongen var det to kjente størrelsar som tok runden, og som hadde kommentarer til det som hadde skjedd i løpet av det siste året på Todalen.no.
Til slutt vart programmet runda av med avslutningsvisa der alle aktørane tok del.
Publikum responderte med velfortjent trampeklapp og ståande applaus etter framsyninga, og vi kan vel berre gje vår honnør til revygjengen og tilkjennegje at vi er imponert over det dei hadde fått til.
Etter programmet var det tid for ein svingom til musikk frå Ole Georg Husby heilt ut i dei små timane.
Nedafor finn du bildegalleri frå årets julekabaret. Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. desember 2009, 13:13