Margit og Petter Nordvik har forlengst tennt på julelysa i Heggøyann. Dei brukar fritidsboligen i Heggøyan mykje, og i år er det 9. året dei feirer jul i her. Dei har pynta opp med mykje utvendig julelys kring huset, og når du køyrer innover til Brusetmarka er lyser det godt opp – og i alle farger og det blir litt meir lys for kvart år.
På spørsmål om det går med mykje strøm til dette, forklarer Petter at det kun er bruka LED-lys, så det går ikkje meir strøm enn til ei skikkeleg utlampe. Han fortel at dei for sikkerheita brukar å slå av lyset når dei dreg heimafrå, og det er også slått av om natta. – Ein veit aldri kva som skal skje, seier Petter, som altså skal feire jul i Heggøyan saman med kona Margit og hennar bror Ingvar. Over nyttår, når dei dreg heim til Sunndalsøra, vil lysanlegget bli demontert igjen.