Det var lenge tvil om det skulle bli julegudsteneste i Todalen kyrkje på julaftan. Det vart einslags kompromiss for arrangementet, med dobbel avstand mellom sitteplassane og sjølsagt obligatorisk handvask med antibac for å redusere eller eliminere smittefaren. Det vart imidlertid eit treiveleg arrangement med 30-40 påmeldte, men sokneprest Kristin Strand og resten av gjengen klarte å lage god atmosfære med tilhøyrande julestemning for oss som var der.
Spesielt var det også at det var premieredag på julaftan for ny organist. Ronny Kjøsen hadde si første gudsteneste her i Todalen kyrkje på julaftan og er formelt tilsett som organist i Stangvik prestegjeld frå 20. desember. Kjøsen kjem frå Hølonda, men er no busett i Rindal. Han kjem frå jobb i i Midtre Gauldal, der han har vore organist sia 2012. No skal han altså være organist i 60% stilling for dei tre sokna i Stangvik – Todalen, Stangvik og Åsskard. I tillegg jobbar han litt som frilansarbeid som også er knytt til musikk.
Under julegudstenesta var det litt problem med orgelet. Det er forsåvidt eit kjent problem, og presten gjorde oss merksame på at det ikkje var skulda til nyorganisten – ho spøkte med at det var skulda til kyrkjetenaren som også kom frå Valsøyfjord. Men vi kan vel frikjenne han og denne gongen :-). Elles bidrog Marit Løfaldli med både preludie- og postludinesong i tilknyting til julegudstenesta.