Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegudstenesta markerer starten på julefeiringa

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2024

For mange er det julegudstenesta i Todalen kyrkje som markerer starten på julefeiringa.  Dagens julegudsteneste samla eit knapt hundretal som deltok i ei triveleg og fredfull gudsteneste som ein start på ei fred full julehelg.  Det var prost Vidar Wilhelmsen Rygh som som heldt gudstenesta og han hadde med seg Bernt Bøe som organist og Borghild Betten Talgø som tekstlesar.

Borghild Betten Talgø var dagens tekstlesar under julegudstenesta. Foto Jon Olav Ørsal

Både dagens preludium og postludium var basert på folketonar etter Tommina Husby, og elles var det flott salmesong, som var forsterka med forsongarar frå P17-koret.  Som seg høver på ei julegudsteneste var det kjente julesalmar som «Det kimer no til julefest», «Eg er så glad kvar jolekveld», «Det lyser i stille grender», «Et barn er født i Betlehem» og gudstenesta slutta med «Deilig er jorden».  Elles fekk vi sjølvsagt høyre juleevangeliet og dagens andakt/preken var sjølvsagt basert på julebodskapet.  Takkofferet gikk i dag til kyrkjelydsarbeidet i Todalen sokn.  

Det var prost Vidar Wilhelsen Rygh som heldt julegudstenesta i Todalen kyrkje. Bernt Bøe var oganist. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. desember 2024, 17:27