Bra at vi har veteranar som stiller opp på gudstenestene våre, sa Gudmund Husby , da han ønska velkomen til julegudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske var prest, Bernt Bøe var organist, Gudmund Husby var klokkar/tekstlesar og Marit Glærum kyrkjetenar – alle samme er pensjonistar og fortener litt applaus!
Knapt hundre personar med smått og stort hadde funne vegen til kyrkja for å overvære julegudstenesta i Todalen kyrkje. I dagens preken tok sjølvsagt presten utgangspunkt i juleevangeliet. Den er påstått å være verdas vakraste forteljing, og det er nok med vemod å seie det når ein tenkje på kva som skjer i området der i disse dagar. Det er og vemodig å tenkje på kor mange uskyldige som blir ramma av krigshandlinga både i Gaza og andre plassar.
Vi blir neppe bønnhørt om fred på jord, sjølv om vi reiste oss og song «Deilig er jorden» til slutt.
Neste gudsteneste i Todalen kyrkje blir nyttårsaftan kl 16:00.
Todalen sokneråd ønskjer alle ei riktig god jul!