Søndag var det atter tid for den tradisjonelle julegrantenninga ved Hals, i regi det nye PT-utvalget. Eit 50-tals personar var samla inne og ute og fekk servert pepperkaker, gløgg og kaffe. Sjølv om vêret fortsatt ikkje er mykje julete, kom det nokre snøfnugg og når Jon Husby på trekkspell og Hans Gundersen på saksofon satte i gang med julemusikk, kunne adventsstemninga sige på.
Det var også nissane enige om, og tok turen innom for å spandere godsaker på dei som hadde møtt opp. Truleg var det fint føre slik at dei tok seg raskt opp i Kvendsetdalen igjen, etter at dei hadde lova å koma tilbake i jula.