Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegrantenning og juletorg

Elinor Bolme Onsdag 19. november 2014

I år blir det stor aktivitet når julegrana på torget utanfor Surnadal kulturhus skal tennast.  Det blir i tillegg eit stort juletorg på plassen!  Dette er eit samarbeid mellom Vårsøg Hotell, Kreativt Forum og kulturhuset.  Her blir det salgsboder inne på torget, samt at Svorkasalen skal takast i bruk. Nesten 40 påmeldte er no registrert i følge Driva.no.

Heile dagen blir prega av julestemning på kulturhuset!  I tillegg til tenning av julegrana, kjem Surnadal Hornmusikk og spelar, julefilmer og teikning for barna.  Det blir servering av gløgg og julegraut.  Nissen kjem naturleg vis med pakkar, det blir gong rundt juletreet med songhjelp frå Songlaget Tordenskjold.

 Torget åpnar kl. 12.00, mens julegrantenninga blir kl. 17.00.

Les meir på Driva.no om kva for utstillarar som har meld seg på juletorget

 

Publisert: 19. november 2014, 00:12