Med 9 varmegrader og litt fønvind er det inga sak å arrangere julegrantenning. Det har kanskje aldri vore så bra oppmøte på julegrantenninga og folk såg ut til å kose seg med gløgg og godsaker, samtidig som ungane leika seg og venta på gang rundt juletreet og besøk av nissen.
Julesongar og gang rundt juletreet hører også med på slike kveldar. Både store og småe heldt kvarandre i handa og gjekk rundt juletreet på midtrabatten mellom Matkroken og Talgøfabrikken. Både Matkroken og Talgøfabrikken var forresten pynta for høvet, og julegata som går midt i mellom butikken og fabrikken var reint så fin.
I år var det faktisk ekte nissar på julegrantenninga, og dei kom frå Kvennsetdalen. Dei lurte seg ein snartur innom «Heitt og Sveitt» for å pynte litt på sveisen og kvile seg litt, og så kom dei ut på plassen framfor Matkroken. Dei fikk straks god kontakt med borna, og hadde med seg pakkar med godsaker til alle saman – for alle hadde vore snille det siste året.
Bildeglimt frå julegrantenning og nissebesøk Foto: Jon Olav Ørsal