Plan- og tiltaksutvalget i Todalen hadde rigga seg til med gløgg, pepparkaker og twist til den årlege julegrantenninga utanfor Matkroken på ettermiddagen i dag. Det var mange frammøtte til tross for at gradestokken viste rundt 10 minusgrader.
Mens ungar og vaksne venta på at nissen skulle dukke opp i kulda, vart det tid for litt gang rundt juletreet. Greit å halde seg i bevegelse da det var litt kald sno.
Nissane skuffa ikkje i år heller, med pakkar til alle små som venta.