Initiativtakarane Torill Talgø og Steinar Frøystad samla heile grenda til julegrantenning i Trudvangkrysset. Over 30 personar trossa holkeføret og tok turen og samlast for julegrantenning. Det er ein godt innarbeidd tradisjon og julegrantenning nr 11 – julegrana står der Markavegen deler seg og fortsetter til Gammelfabrikken, medan Dalavegen fortsett oppover til Kårvatn.
Torill og Steinar diska opp med gløgg og saft og hadde også traktering med både pølser med brød og premiere for årets julebakst. Det vart ei triveleg og sosial stund, der heile Brusetgrenda kunne treffast – omslag i vêret frå 5-6 kuldegrader til varmegrader og litt underkjølt regn gjorde at det vart blankis og skikkeleg hålke. Men vi trur alle etter kvar kom seg velberga heim igjen.
Vi har laga eit lite bildegalleri frå julegrantenninga i Brusetmarka: