Koret P17 med solistar og orkester inviterer til tonande juleglede i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag. Kantaten «I denne søte juletid» toppar eit rikhaldig program. Konserten i Todalen kyrkje tek til klokka 14:00, medan den tek til klokka 19:30 i Åsskard kyrkje.
Koret har solide medaktørar. Songsolistar er Maia Reppe (sopran), Turid Røen Kroknes (alt) og Øystein Moe (tenor). Tor Strand trakterer orgel og piano. Frå Operaen i Kristiansund deltek Jasmina Zivic (fløyte), Ebba Ringmar (obo), Trond H. Saltnes og Odd Sonntag (fiolin), Anna Ostachowska (bratsj) og Zhala Aliyeva (cello).
Kantate som minimusikal
Største satsinga er kantaten «I denne søte juletid» av Arne Dagsvik, som mange kjenner frå korets CD og frå tidlegare konsertar. Gjennom ulike satsar blir juleevangeliet skildra i vare og varme klangar, i lengsel og festivitas. Verket innbyr til enkel scenisk regi. Her «blomstrar» øydemarka, her vandrar gjetarane «til Betlehem», her samlast koret ved Jesu krybbe. Før finalen tonar ut i tidlaus trass: «Nå er det fred på jorden!»
Julemotetten jubilerer
«Julemotett» av Eyvind Alnæs fyller 100 år og blir ikledd orkesterbunad i høve jubileet. Den hadde kanskje si første framføring på våre kantar nettopp i Åsskard alt i 1933: Med kyrkjekor, presten Fyrwald som solist og unge Leiv Bæverfjord i eit krevande orgelparti – på harmonium.
Klassisk og kortreist
Klassisk arvegods er også med: Damekor og instrument hentar fram Grubers originale Stille natt (Glade jul) frå 1818. Turid gir ein smak frå Bachs «Juleoratorium». Dertil julemusikk av Jean Sibelius, T. W. Aas, Bernt Bøe – og så «Julverset» i orkesterutgåve.
Søndagens publikum kan også vere utøvarar – i kjende og kjære julesongar som er arrangerte for allsong, kor og orkester.
Det ligg an til fulltonande julemusikk i Todalen og Åsskard denne søndagen!
Billett kroner 200,-. Kan betalast kontant og med Vipps.
Konsertane er støtta av Møre bispedøme, Møre og Romsdal fylke, Talgø, Sparebank1 Nordmøre og Gjensidige.