Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit par julegåvetips

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. desember 2020

I november vart band 4 av Bygdebok for Surnadal lansert. Totalt er det planlagt ti band, men det kan sjå ut til at dei seks siste banda vil bli forsenka med minst eitt år i høve til opprinneleg plan. Dei fire banda som er utgjevne er:

  • Band 1: Åsbøen – Kårvatn
  • Band 2: Brøskja – Kvanne
  • Band 3: Søyset – Hyllbakkan
  • Band 4: Pollen – Sogge 

Handelsmmann Nordvik, ved Matkroken Todalen, fortel at salet så langt har vore ganske bra. Han fortel vidare at kvart band kostar kr. 700,-.

Matkroken Todalen har alle dei fire banda på lager, så om ein treng eit julegåvetips no rett før jul, så kan dette altså vere eit alternativ.  

Handelsmann Nordvik viser fram Bygdebok for Surnadal band 1, Åsbøen – Kårvatn. Foto: B G Ansnes

På Matkroken Todalen kan du og få kjøpt fleire typar gåvekort. Dei har både eigne gåvekort, frå Coop og frå andre som t.d. PlayStation, Nintendo og Play-butikk. Så her er det mykje å velje mellom.  

Gåvekort frå Matkroken Todalen. Foto: B G Ansnes

Til slutt vil handelsmannen reklamere litt for HalsOil: «Ingen foran – Ingen ved siden!» 

Matkroken Todalen er medlem i Todalen.no

Først publisert: 18. desember 2020, 07:00 - Sist oppdatert: 21. desember 2020, 22:04