Søndag kveld inviterte Todalen bøgdalag for å tenne den tradisjonelle julegata mellom Matkroken Todalen og Talgø på Kvennset. Temperaturmessig var det lite som minte om adventstid, da gradestokken viste tosifra plussgrader og opphaldsvêr. Men folk møtte opp og julegata vart tent!
Bøgdalaget serverte kaffe, julebrus og pepperkaker. Nissen hadde ikkje tid til å kome, men han hadde levert pakkar som ungane fekk.