No i denne stund blir jula ringt inn over det ganske land og julefreden grip taket i oss og forhåpentleg vis roar oss ned nokre hakk.
Tidlegare på dagen var bygda samla i Todalen Kyrkje til julegudsteneste, men desverre utan prest Bernt Venås som for tida er sjukemeldt. Som om ikkje det var nok, så var det heller ingen vikar til å ta oppdraget for dagen. Men som soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen sa det ; det er utenkjeleg å ikkje ha gudsteneste i Todalen denne dagen. Difor hadde soknerådet og Todalskoret gått saman for å oppretthalde tradisjonen. Og det vart rett så triveleg med mykje fin musikk. Med seg på laget hadde dei fått med seg Ole Elgsæther til å halda andakt. I tillegg var nokre av skuleborna med å framføyrde Julekveldsvisa av Alf Prøysen.
Vi i todalen.no ynskjer alle ei fredfull jul og eit godt nytt år!