Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julebutikken på låven…

Julebutikken på låven…

Jon Olav Ørsal Fredag 10. desember 2010

Kårvatn Fjellutstyr er «butikken på låven», og no om dagen opplever dei ein eventyrleg julehandel. Spesielt er det stor interesse for skiutstyr av same type som skialpinistane brukar. Det selges skipakkar, med komplett utstyr for telemark eller randone, så det blir nok både mange og lange pakkar under juletreet i år, seier Gudmund Kårvatn som er innehavar av Kårvatn Fjellutstyr saman med Kristian Mossing. I butikken på «nylåven» har dei ellers stort utvalg både i utstyr og klær for både store og små. Vi har moterett utstyr både for vanleg uteliv, og for den meir ekstreme sportsetusiasten.

Kårvatn fortel vidare at dei har kundar frå heile regionen i butikken, og det er mange som tek det som ein opplevelsestur. Gjerne i tilknyting til ein skitur oppi Dalalia, eller ein fottur til Nauståfossen på somars tid. Det er første året vi har ope for julehandel, så vi har vore spente på korleis responsen ville bli. Og vi er nok positivt overraska over responsen, for folk strøymer på.

– Vi skal forresten ha søndagsope søndag 19. desember, og langope tysdag 21. og onsdag 22. desember, til kl 19. Så det er enno muleg å ta ein handletur til Kårvatn, før nissen gjer sitt inntog.

Elles fortel Gudmund at den neste store satsinga for Kårvatn Fjellutstyr er etablering av nettbutikk. – Det skjer utpå nyåret, og vi er forberedt på at det blir eit omfattande arbeid. Men vi sel allereie ein god del varer på postordre, så vi har skaffa oss ein del erfaring med denne måten å selje varer på. Vi driv også og prøvar oss fram med markedsføring via Facebook. Det er ein enkel og billig måte å marnadsføre seg på, og vi opplever at det er stor respons – vi treffer ein stor kundemasse der. Du finn meir om Kårvatn Fjellutstyr på heimesida.

I galleriet kan du sjå fleire bilete frå Kårvatn Fjellutstyr.

Publisert: 10. desember 2010, 06:00