Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julebordshelsing frå Trondheim

Julebordshelsing frå Trondheim

Jon Olav Ørsal Sundag 12. desember 2010

Vi er midt inne i ein travel julebordsesong, og frå Trondheim har vi fått e-post og helsing frå utflytta todalingar som har vore samla for å smake på julematen og ha det triveleg saman. Elisabeth Aas har sendt oss nokre bilde, og ho fortel at dei samlast i hennar atelier først, før ferda går vidare til restauranten der julemiddagen ventar. Dette er ein årleg tradisjon, og det blir sjølvsagt mykje mimring og fliring om barndomen og oppveksten i Todalen ein slik kveld.

Dei fortel at dei er faste lesarar av  Todalen.no, og dei vil også nytte høvet til å sende ei julehelsing til alle todalingar frå Stiftsstaden.

Publisert: 12. desember 2010, 00:46