Det er enno ikkje for seint å bli med på julebordet i Todalen ungdomshus laurdag 23. november, fortel Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen IL og vertskap for julebordet saman med Todalen Grendalag. Når påmeldingsfristen gikk ut var det påmeld rundt 60 deltakarar, og det teiknar til å bli eit livat arrangement seier Nils Ove. – Vi har mat og plass til nokre fleire deltakarar, så det er berre å ta med god humør og kome på julebord.
Det skal serveres tradisjonell julemat, og det kan til og med bli mat med litt utradisjonell vri, lovar Nils Ove. Han minner om at julebordet startar kl. 20.00, og minner også om at arrangementet har bar med alle rettigheiter.