Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julebaksten i rute?

Julebaksten i rute?

Jon Olav Ørsal Sundag 4. november 2012

Kari, Åse og Liv Jorunn er i hvertfall i rute med julebaksten. Laurdag var det full mobilisering på kjøkkenet til Kari Kvendset på Sandstad, og da var det potetlefse som stod på programmet. Her var det storskala produksjon, med 2 kjevlebord og 2 takker til steiking, og det dufta godt nystekt potetlefse. Det var mesta slik at ein kom i ei lett julestemning.

Det var hektisk stemning på kjøkkenet, og det var berre så vidt at dei hadde tid til å slå av ein prat med ein utsendt medarbeidar frå digitale media. Det var imidlertid lett å sjå at det var høgt kompetansenivå på mannskapet, for det gikk raskt unna og dei spekulerte ikkje mykje på korleis det skulle kjevles og steikes. Prosedyrane var nok drilla inn!

Var så heldig å få med ein smaksprøve, så etter utført oppdrag vart det smakstesting til nykoka kaffe.  Prima vare!

 

 

Først publisert: 4. november 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 3. november 2012, 19:46