I morgon, måndag arrangeres det juleavslutning ved Todalen Oppvekstsenter. Da inviteres alle i bygda og ellers andre interesserte til ei lita førjulsmarkering. Dette er i staden for den årlege juletrefesta som brukar å vera i romjula. Dette er nytt av året og i regi av FAU-utvalet. Men om nokon skulle vera i tvil, så er opplegget akkurat det same. Ungane vil underhalda frå scena, medan foreldra ordnar med mat og nissen mest sansynleg kjem med pakkar. Song og gong rundt juletreet blir det og høve til.