Eldremiddagen i Todalen serverte sin tradisjonelle og mykje velsmakande julemiddag med 30 gjester til bords i går den 5. desember. Dette var årets 35. arrangement og kokkane Brit Nordvik, Jorunn Ness, Karen Johanne Talgø og Grete Torvik samt Bodil Kvendset, som var med i teamet i første halvår, fekk alle ei velfortent blomsterhelsing.
No tek Eldremiddagen ein pause fram til 9. januar 2013. Frå da av er det full trøkk att. Vonar på godt frammøte i det nye året. Til sist; god jul og godt nyttår til alle våre gjester og dei mange gode hjelparane!



Alle foto: Reidar Østvik