Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ingen tvil om at det snart er jul! Foto: Jon Olav Ørsal

Jula kryp innpå oss ….

Jon Olav Ørsal Fredag 15. november 2013

Julehandelen nærmar seg med stormskritt. Julemarsipanen har vore på plass i butikkane lenge, og no er det nok mange som alt har julegåvene på plass. Julemessa i Rindal er overstått, og det er sikkert messe ein eller anna plass i helga, og neste helg er det på Nordvik og siste helga i november er det i Todalen. På Hageland i Surnadal var det skikkeleg julestemning da vi var innom her om dagen.

Hageland Surnadal har lagt ein aktiv og vellukka sommarsesong attom seg, og no satsar dei «alle korta» på julemånaden, fortel butikksjef Ingeborg Langan. Dei siste par vekene har dei forebudd seg på jula, og har fått til skikkeleg julestemning i butikken. Ein liten runde med kamera fanga inn både nissar, juletre, juleblomster Og mykje anna.

Bilder frå julestemninga på Hagland i Surnadal.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 15. november 2013, 22:21