Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jula er tid for mattradisjonar – mølje på julaftan

Jon Olav Ørsal Sundag 25. desember 2016

Mange held på gamle mattradisjonar i samband med julefeiringa. Johan Ørsal (77) er ein av dem, og menyen på julaftan trur eg ikkje det er verdt å prøve å forandre i hans tid. Midt på dagen – eller rettare sagt kl 12 er det servering av mølje – når det lir til kvelds så er det saltkjøtt av sau og heimlaga grov morr som står på menyen, og det blir servert med kålrabistappe, potet og heimbrygga øl.

Sigrun sjekkar kjelane – i den store kjelen er det saltkjøtt av sau og heimlaga grovmorr som skal bli julkveldsmeny. Foto: Jon Olav Ørsal

Dette har vore menyen på Utigard Ørsal så lenge han kan hugse og sikker lenge før den tid.  Mølje er nok ikkje så vanleg i dag, men Johan og Sigrun held på denne tradisjonen. I morgontinmane trefte vi Johan på butikken, og julemat vart tema over ein kaffekopp, og sammen med Jon Bruset vart eg invitert til å smake mølja som skulle serverast til formiddagsmat.

Tilbehør til mølje – heimbaka flatbrød, potetstappe, sirup, surost og serveres med heimbrygga øl. Foto: Jon Olav Ørsal

Sigrun var i full gang på kjøkkenet, og det var ei god duft av saukjøtt som stimulerte smaksløkane. Vi fikk opplæring i korleis mølja skal etast. Først braut vi opp litt heimbaka flatbrød, som vart bløytt opp i kraft frå kjelen med saukjøtt. Deretter var det berre å fylle på med mølje, potetstappe, sirup og surost. Surosten var forresten frå før Johans tid, og var vel nærast bruka som krydder for å sette ein spiss på smaken.  Godt var det i allfall!

Mølje – her fyller ein på med potetstappe, sirup, surost og meir mølje. Det var faktisk godt! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. desember 2016, 11:20