For aller første gong i historia skal det i år arrangerast julebord på Todalshytta. Takka være litt tetting og isolering, og ikkje minst to store varmepumper og oppgraderte vedovnar så er det faktisk gjort muleg å arrangere julebord eller juleselskap på Todalshytta i år. Arve Evensen som er vert på Todalshytta fortel at dei bevisst har tøyd ut sesongen i år, og det har vore vellukka både med hensyn til oppvarming og drift av kjøkkenet.
No planlegg Arve med tanke på julebord, og har sett av ei veke i desember for å prøve seg på julebordarrangement, og da er Stian Evensen på plass som kokk, og er gira på å lage god julemat. – Det dreier seg om veke 50 – frå 13. desember til og med lørdag 18. desember som det er ledig kapasitet for julebord eller anna julearrangement. Ta kontakt med Arve Evensen for å bestille julebord/julemat og avtale detaljer med tanke på antal og opplegg med spesielle ønskjer – telefon 929 97 550.
Den 11. desember er forresten historisk, da det aller første julebordet i Todalshyttas over 120-årige historie går av stabelen denne kvelden. Unikt er det også at Todalshytta kan tilby konferanseløysingar med mat og opphald på Todlashytta og møteverksemd i lokala på Gammelfabrikken. Det har vore prøva ut no i haust, og det fungerer bra, seier Evensen. Og blir det for langt å dra heim, så har vi 19 sengplassar som vi kan dra vekslar på seier Evensen til slutt.
Eit lite bildegalleri med litt julestemning på Todalshytta – alle bilder Jon Olav Ørsal