Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jul på Nordmøre ute for salg i år óg

Elinor Bolme Tysdag 19. november 2013

Også i år har Nordmøre Ungdomslag gjeve ut juleheftet «Jul på Nordmøre». Dette er i følge skriftstyret eit ekte nordmørsprodukt, med stoff som er henta ut i frå nordmørske  sjeler. I år er den 78. utgaven, med fargetrykk på 2. året. Denne utgaven har heile 5 sider med stoff om Olina Halle på Kårvatn. Stykkjet «Ho Olina» er ført i pennen av Eistein Bæverfjord, og gir eit innblikk i eit aktivt og innhaldsrikt langt arbeidsliv.

Jul på Nordmør 2013

Jul på Nordmør 2013

Over eit lite utsnitt frå artikkelen om «Ho Olina».

Ellers er det både dikt, humoristiske historier om god gammeldags griseslakting og litt meir tankevekkande historier om kvardagen som brått blir snudd opp ned på eit øyeblikk. Mange kjente, og nokre ukjente har samla mellom 30 og 40 varierte innslag, stort sett frå heile nordmøre til eit innhaldsrikt julehefte det skal godt gjerast å ikkje bla i før jula kjem.

Bladet vil bli tilbudt for salg av lokale gutar i Todalen i år óg, desse med sterke røter frå ein av dei siste artikklane i årets julehefte; «100 år på Røv- og vél så det» av Tove Mogstad Strand….

..og selgarane er alt i farta. I år var det Ola og Markus som var innom. Markus var vikar for Eivind som hadde matpause, og er i år under opplæring. 90 kroner kostar bladet, -hald pengane klare!  Foto: Jon Olav Ørsal

..og selgarane er alt i farta. I år var det Ola og Markus som var innom. Markus var vikar for Eivind som hadde matpause, og er i år under opplæring. 90 kroner kostar bladet, -hald pengane klare! Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 19. november 2013, 06:00 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:45