Også i år har Nordmøre Ungdomslag gjeve ut juleheftet «Jul på Nordmøre». Dette er i følge skriftstyret eit ekte nordmørsprodukt, med stoff som er henta ut i frå nordmørske sjeler. I år er den 78. utgaven, med fargetrykk på 2. året. Denne utgaven har heile 5 sider med stoff om Olina Halle på Kårvatn. Stykkjet «Ho Olina» er ført i pennen av Eistein Bæverfjord, og gir eit innblikk i eit aktivt og innhaldsrikt langt arbeidsliv.
Over eit lite utsnitt frå artikkelen om «Ho Olina».
Ellers er det både dikt, humoristiske historier om god gammeldags griseslakting og litt meir tankevekkande historier om kvardagen som brått blir snudd opp ned på eit øyeblikk. Mange kjente, og nokre ukjente har samla mellom 30 og 40 varierte innslag, stort sett frå heile nordmøre til eit innhaldsrikt julehefte det skal godt gjerast å ikkje bla i før jula kjem.
Bladet vil bli tilbudt for salg av lokale gutar i Todalen i år óg, desse med sterke røter frå ein av dei siste artikklane i årets julehefte; «100 år på Røv- og vél så det» av Tove Mogstad Strand….