Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Jul på Nordmøre» klart for sal

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 19. november 2023

Årets utgåve av «Jul på Nordmøre» er på veg ut til butikkane. Det tradisjonsrike juleheftet kjem i 2023 ut for 88. gong. – Innhaldet er bygd over ein lest som lesarane er vel kjende med. Bidragsytarane er ei god blanding av gamle travarar og nye pennar, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes.

Han dristar seg til å hevde at få julehefte har finare omslag enn «Jul på Nordmøre».

Kunstnaren Bergljot Hals frå Sunndal har vore fast leverandør av framsideillustrasjonar i mange år no. og denne gongen har ho verkeleg laga eit meisterverk, seier Ansnes.

Skriftstyret består av Karin Ormbostad, Kristiansund, Gjøran Storsæther, Frei, og Lars Steinar Ansnes, Bud, (leiar). Utgjevar er Nordmøre og Romsdal ungdomslag.

Forhandlarnettet er stort sett det same som tidlegare år. Det betyr at dei fleste interesserte ikkje treng å reise langt for å få tak i «Jul på Nordmøre». Utflytta nordmøringar, eller andre som bur utanfor regionen, kan få heftet tilsendt ved å ta kontakt med nokon i skriftstyret.

«Jul på Nordmøre» vil vere å få kjøpt på Matkroken Todalen!

Publisert: 19. november 2023, 14:30