Jubileumsskriftet for Todalen Kyrkje, som i år fyller 150 år, blei presentert i kveld. Skriftet er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og skrevet av Bernt Bøe. Det var Bernt Bøe som presenterte deler av innhaldet, samt ein introduksjon til historien om kristendommen og kyrkjene på Nordmøre og Todalen. Todalen Kyrkje er ei ung kyrkje i motsetning til Stangvik, som todalingane lenge sokna til. Presentert blei óg mykje av det kyrkja blir bruka til, og litt om utsjånad, personar og tradisjonar rundt den. Etter presentasjonen blei det servert kaffe og kaker.