Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jubilerte – var konfirmantar i 1966

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. oktober 2016

10. juli 1966 var det konfirmasjon for 1951-årgangen i Todalen kyrkje. Laurdag kveld var det tid for å feire 50-årsjubileum i Todalen ungdomshus – med Todalen sokneråd som vertskap. Det vart ein triveleg kveld med mange artig historier og mang ein god latter.

Soknerådet bydde full middag, med saltkjøtt i pepparrotsaus, og med potet og grønsaker som tilbehør. I tillegg til konfirmantjubilantane var det eit 20-tal andre gjestar som var med og kasta glans over jubileet.  Dordi Jorunn Halle takka for maten på vegne av jubilantane, og ho delte minner frå konfirmasjonsførebuingane og tida rundt. Andre store tings som skjedde i 1966 var at Todalen slo KFK heile 8-1 på Bordholmen og at Gjermund Eggen tok 3 gull under ski-VM, og vi var de første med nymotens «beatlessveis».

neste helg er det konfirmasjonsfest. Her er konfirmantane frå 1966. Framfor frå venstre Dordi Jorunn Halle, sokneprest Carl Jacobsen og Olav Gjeldnes. Attafor frå venstre Anders Todalshaug, Jon Olav Ørsal, Martin Olav Redalen, Bjørn Halle, Inge Kvendset og Per Arne Ødegård.

Konfirmantane i Todalen kyrkje 10. juli 1966. Framfor frå venstre Dordi Jorunn Halle, sokneprest Karl Jacobsen og Olav Gjeldnes. Attafor frå venstre Anders Todalshaug, Jon Olav Ørsal, Martin Olav Redalen, Bjørn Halle, Inge Kvendset og Per Arne Ødegård.

Det var Karl Jacobsen som var sokneprest i Stangvik prestegjeld den tida (han var sokneprest i Stangvik i perioden 1964 – 1978), og konfirmasjonsførebuinga var integrert i undervisninga på ungdomsskulen med besøk i kyrkje eit par gong gjennom perioden. Dordi mintes elles dei to jamnaldringane som er gått bort i mellomtida – Inge Kvendset og Martin Redalen.

Vidare utover kvelden var det kaffe og blautkake og ein spennande konkurranse i Quiz. Her var det konfirmantjubilantane som trekte det lengste strået og markerte seg skikkeleg i hard konkurranse med de tre andre laga i salen.  Elles hadde Einy Rendal ein kort helsingstale til jubilantane. Ho hadde «gleda» av å være lærar for denne gjengen i 1.-klassen, og som ho sa så var det greit etter dette året å ta ei avgjerd om ikkje å fortsette i læraryrket.

Søndag fortsetter jubileumsfeiringa med gudsteneste i Todalen kyrkje kl 11.

Bildegalleri frå konfirmasjonsfesta i todalen ungdomshus.   Alle foto. Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 15. oktober 2016, 23:00 - Sist oppdatert: 16. oktober 2016, 16:06