Frå Jean og Olav Kvendset har vi fått helsing. Der i Pope Valley har dei hatt todalingar på besøk, da Jostufolket stakk innom da dei var på veg til Hawaii på ferie. Dei skal sjå seg rundt i området eit par dagear før dei dreg vidare til Hawaii komande fredag.
På denne tida er det godt klima i Pope Valley, og dei slepp nok tankar både på frosset vatn og tele ned mot 2 meter. Men der er det nok etter kvart eit større problem med tørke og nattefrost. Jean og Olav nyttar elles høvet til å senda påskehelsing til lesarane på Todalen.no