Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jorid vart årets kundebehandlar for 2019.

Mari B. Redalen Onsdag 10. juni 2020

Det er ikkje alltid det treng å vera store begivenheiter i kaffekroken på Matkroken før blautkaka kjem på bordet, men i dag var det verkeleg på sin plass med kakefeiring. Karl Woldseth distriktssjef i Posten hadde teke turen til Todalen for å gjere stas på Jorid Ansnes, for å heidre ho som » Årets kundebehandlar» for Post i butikk.

Karl sier at Matkroken Todalen, med Jorid i spissen, har utmerka seg i mange år med god kundeservice. Det har vore lite, eller  og  godt som ingen ting å sette fingeren på. Det er 55 butikkar i distriket fra Trondheim til Averøy som har Post i butikk, så dette er ei gjev utmerking å få – både for Matkroken Todalen og ikkje minst for Jorid som prismottakar. 

Karl Woldseth hadde med seg kake og blomster til Jorid – så da vart det feiring!

Todalen.no gratulerar og takkar for at vi fikk vera med på feiringa. Todalen er heldige som har Jorid i posten og i butikken elles. 

Diplomet som er det synlege beviset som Jorid fekk. 

All foto: Mari B Redalen

Publisert: 10. juni 2020, 14:35