3 timar, 33 minutter og 16 sekund bruka Jørgen Kvalsvik på 29-kilometeren i Kårvatn Sky Run. Han vart førstemann i mål på den kortaste etappen som går utover gammelseterdalen og til Kårvatn frå posten på Tovatna. På andreplass på den kortaste etappen kom Robert Sørlie på tida 3.39,16 som og er ei sterk tid.
Samtidig meldes det at første passering er gjort på Tohatten for 43 km-løypa. Her var det Thomas Pfandt som vart først ute med tida 3.00,53 framføre Hans Inge Klette på 3.18,35 her er det i skrivande stund 5 løparar som har passert den 1444 meter høge fjelltoppen langt inne i Trollheimen.
Første passering frå Kvennjulfjellet er også notert. Det var Hans Inge Klette som passerte på 4.46,35, og det er en bra til på siste passering før det blir målgang på Kårvatn.