Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredag kveld: Jonsvake med todalstonar i Åsskard kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. juli 2015

Fredag kveld er det «Jonsvake» i Åsskard kyrkje, med Åsskard kyrkjekor som arragør. Det blir ein kveld med mykje song og musikk – mellom anna folketonar frå Todalen og slåttar etter spellmannen Hallvard Ørsal. Jonsvaka startar kl 22.00 og utover mot midnatt.

I sin førehandsomtale skriv dirigent Bernt Bøe:

«Årets «Jonsvaka» går fredag kveld i Åsskard kyrkje. Etter biletkåseri, tablå og kaffe blir det midnattskonsert der «Folketonemesse frå Todalen» og Vivaldis «Gloria» står øvst på programmet. Arrangør Åsskard Kyrkjekor har med seg solistane Sigrid Bøe og Maria Nohr, organisten Tor Strand og ein strykekvartett med Odd Sonntag, Synnøve Hammervold, Anne Vik Aaknes og Marit Aaspås.  I det tredelte programmet vil først Karen Oddny Husby Gravvold og Bernt Bøe følgje spora etter folketonesamlar Edvard Bræin (1887-1957) rundt i nordmørsk landskap på jakt etter blanke folketonar. Kanskje dukkar det opp melodiperler og songprofilar i nokre av bygdene – slik biletserie og tablå legg opp til. Deretter er det kaffe med litt attåt – alt inkludert i billetten.

Sentralt i konserten står «Gloria» av Antonio Vivaldi (1678-1741) – for solistar, kor, orgel og orkester. Av fin gammal årgang er også «Schlafe, mein Liebster» frå Bachs Juleoratorium (Maria), «Benedictus» av Haydn (Sigrid) og Handels Salme 145 «I will magnify Thee» (koret). Til kyrkjejubileet i Todalen i 2011 arrangerte organist Bernt G. Bøe slåttar og salmetonar frå denne bygda og fletta desse saman med kormelodiar til messeledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei. Slik vart melodiar etter Tomina Husby og Ane Husby og slåttar etter storspellmannen Hallvard Ørsal til «Folketonemesse frå Todalen», som kor og instrument framfører fredag ved midnattsleite.

Mykje tyder på at det blir stemningsfullt – slik det ofte har vore på desse årlege sommarkonsertane i Åsskard-kyrkja.

 

 

Først publisert: 1. juli 2015, 10:35 - Sist oppdatert: 4. juli 2015, 11:19