Boka «Kyrkja i Åsskard – med historikk frå Stor-Stangvikgjeldet» blir sleppt under Jonsvaka i Åsskard kyrkje fredag kl. 22. Etter kaffepause blir det så midnattskonsert. – Boka omhaldlar 700 år lokal kyrkjehistorie – mest om Åsskard kyrkje. Her er aktivitet i nyare tid sterkt framheva. Det store prestegjeldet rundt Halsafjorden frå mellomalderen har og fått sin dokumentasjon i og med denne boka
Jonsvaka opnar med forfattar Bernt Bøe sitt biletkåseri med smaksprøver frå boka. Etter kaffepause er det midnattskonsert. Her deltek operabassen Erik Rosenius, medlemmer av kora P17 og Kristiansund Kirkekor, fiolinistane Odd Sonntag og Trond Saltnes saman med pianist Tor Strand.