Bernt Bøe starta årets Jonsvake med kåseri om Storstangvikgjeldet, og hadde mange fornøyelege historier om både kyrkjer, prestar, jubileum og kyrkjesongarar som han formidla til oss. – Storstangvikgjeldet omfatta mesta heile Nordmøre og hadde sjølvsagt Stangvika og Stangvikkyrkja som sentrum. Bernt la fordagen ein enorm kunnskap om emnet, og dette var høveleg oppvarming til konserten sammen med kaffepausen.
Konserten starta kl 22, og her hadde Bernt Bøe som prosjektleiar samla mange profesjonelle artistar i tillegg til «sitt eige» Prosjekt 17-koret. Her deltok Sigrid Vetleseter Bøe (sopran), Erik Rosenius (bass), Hedda Hansen Berg (piano), Ebba Ringmar (obo), Trond Harald Saltnes (fiolin), Odd Sonntag (fiolin), Anna Ostachowska (bratsj), Zhala Aliyeva (cello), Prosjekt 17-koret og prosjektleiar og dirigent Bernt Bøe.
Programmet for konserten inneheldt både korsong og opera, og både Sigrid og Erik opptredde med solosong sammen med både strykeorkesteret og Hedda på piano – og med og utan kor. Vart spesielt imponert over stemmebruken til Sigrid (sopran) og Erik (bass), og jammen hausta dei mykje applaus frå publikum i ei fullsett Åsskard kyrkje. Til saman hadde dei 18 nummer på speleplana og i tillegg vart det eit ekstranummer etter at Hallelujakoret egentleg hadde avslutta kvelden – nemleg Vännskap av Hayden.