Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

John Pål Inderberg fekk Kleivaprisen 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 24. mai 2025

Under Kleivakvelden, som i år, på grunn av dårlege vêrmeldingar, vart flytta til Storstuå på Surnadal kulturhus, fekk John Pål Inderberg tildelt Kleivaprisen for 2025. Tordenskjold Songlag fekk ti tusen kroner og diplom frå Kleivafondet. 

Dette sa kultursjef i Surnadal kommune under utdelinga laurdag kveld:

Gratulerer med dagen til arrangørane og gratulerer til oss som er publikum for 30 år med
Vårsøghelger! Mitt namn er Lilli Husby og eg er så heldig å vere kultursjef i Surnadal, eller
Vårsøglandet som vi kan kalle det i ei «sådan» stund.

Formannskapet deler kvart år ut Kleivaprisen som er Surnadal kommune sin kulturpris. Midlar
gjennom Kleivafondet blir delt ut år om anna når det har vore gode renteinntekter.

I formålsparagrafen står det mellom anna at fondet skal; (…)«Fremme kulturelle og lokalhistoriske
formål(…) unntatt fotball og stjerneidrett».

Både tildeling av midlar gjennom fondet og utdeling av Kleivaprisen er ei anerkjenning for dei som får
denne merksemda. Det vil ikkje gjere dei rike på gods eller gull, men løfte dei fram som dei gode
kulturberarane dei alle er, på kvart sitt vis.

Vinnaren av sjølve Kleivaprisen kan, som de ser, halde varmen i godstolen i mange år framover. Eg vil
skyte inn at det er den lokale handtverkaren Inger Haugen som har vevd og sydd alle skinnfellane
som er sjølve prisen. Det har blitt 27 skinnfellar til no og hundrevis, kanskje tusenvis av timar i
vevstolen, eg syns ho fortener ein god applaus.

Om de vil ta ein nærare titt på handverket så heng det eit eksemplar i Foajeen på kulturhuset, den tilhøyrar Laget Vårsøg som fekk den for 5 år sidan fornettopp å arrangere denne vakre festivalen for oss år etter år.

Så til Kleivafondet 2025

Ordføraren vil stå for utdelinga av diplom og 10 000 kronar under opninga av songarstemne i
Surnadal i sommar. Da forstår nokre av oss at det er Tordenskjold Songlag som får dette for
gjennomføring av Songarstemne 13. – 15. juni 2025.

Kleivaprisen 2025

Kleivaprisen blir i år delt ut av skodespelaren og musikalartisten Karianna Sommerro, sist sett på
fleire scener i Trøndelag som An-Magritt.

Vi som er frå Surnadal veit godt kven Karianna er. Litt slik «bygdebok messig» så kjem anane hennar
frå Halsa og frå gardsbruk 35.11 her på Skei. Begge foreldra er solide kulturberarar, og her har nok
både arv og miljø slått kraftig inn, for Karianna, står solid og støtt på sine eigne (kulturelle) bein.

Kleivaprisen har vore utdelt sidan 1998. Diktet Vårsøg frå fredsvåren 1945 er 80 år og vi har hatt 30
år med Vårsøghelger og det er vår-grønt i mai!

– Og akkurat i år tenkjer eg at formannskapet, har teke eit sprekt val.
Så kven er det i år som når opp i det gode selskap?

Det gode selskap av; Sommerro, Brørs, Røen, Gravvold, Bøe – det var ei oppramsing av dei fem
første. Denne lista fortsett med popband – skodespelarar – eldsjeler – kulturpersonlegdomar –
eiegode Kirsti og Holger, forfattarar, dirigentar, revystjerner, ei internasjonal operastjerne, sjølvaste
arrangørane av Vårsøghelga osb., osb.

Men nok historie – over til årets prisvinnar: Årets prisvinnar er ikkje kjent for verken å drive med fotball eller stjerneidrett! Men vedkommande er kjent for å fremje og å formidle kunst og kultur, – sidan 70-talet.
Det er om lag 30 år sidan Surnadals publikummet først møtte prisvinnaren, og sidan har
Surnadalingane adoptert han. Han har bidrege med kultur i Surnadal like lenge og har vore med på å
gjere arva etter Hans Hyldbakk kjent over heile landet.

Prisvinnaren er altså godt kjent i Norge og har også samarbeidd med mange internasjonale artistar.
«Det har utvikla seg mange «Surnadalsvener» på grunn av årets prisvinnar» vart det sagt om ein
prisvinnar for nokre år sidan – det gjeld òg i år!

Her ikring er han kjent for, i tillegg til sine superbe kunstnariske kvalitetar, å setje seg inn i den dags
aktuelle samfunnsutviklinga i Surnadal og presentere den for publikum, på ein – ikkje alltid like
lettforståeleg måte.

Prisvinnaren er elles kjent for å vere ein framifrå formidlar som dyrkar samarbeid og elskar å sjå nye
artistar utvikle seg og at dei (som han) skapar nye ting gjerne på tvers av sjangrar.

Det er uttala om prisvinnaren at han er: «… ein fantastisk ressurs som betyr mykje for sin heimplass …
Han er ein stor kunstnar, og når han står på scena (og det gjer han det ofte), så hever han dei han
musiserer med – enten dei er amatørar eller profesjonelle.

Som kunstnar og pedagog av verdsformat reiser han jorda rundt – og kjem alltid tilbake (til Steinkjer)
og er jordnær og triveleg. Han tar ikkje av eller blir høg på pæra, men er samtidig veldig bevisst seg
sjølv, sin eigen kunst – og andre sin kunst. Han trekker med seg verda heim (til Steinkjer)…».

Årets prisvinnar vart født i 1950, han er utdanna innafor klassisk musikk. Han har jobba på
Musikkonservatoriet sidan 1978, og vart sjølvskriven på jazzlinja når den vart oppretta. I dag er han
professor emeritus på NTNU jazzlinja. Han har delteke på alle Vårsøghelger unntatt ei sidan oppstarten i 1995, gjennom sitt samarbeid med Henning.

Andre han har samarbeidd med er mellom anna Stage Dolls, Dum Dum Boys, Hans Rotmo, Tre små
kinesere, Flettfrid Andresen, Chick Corea, Chet Baker, Lee Konitz og fleire hundre, kanskje tusen
andre.

Dei siste åra har Steinkjerpatrioten hatt stor fokus på arbeidet med det nye kulturhuset i Steinkjer og
spesielt rommet som er kalla Steinkaret. Dette rommet er ein immersive arena, noko som kan
omsetjast til «eit altomsluttande rom». Når du står i det rommet fortel veggar og golv ei historie,
denne historia endrar seg ut frå kva du gjer, om du trør på merker i golvet eller tek på veggane.
Dette er eit magisk rom både for barn og vaksne der du i nokre minutt er i ei verd der du saman med
dei andre i rommet påverkar formidlinga og opplevinga. Slike rom finns det få av i verda og difor
utfordrar det dei kreative miljøa i regionen, slik at det blir skapt nye spennande opplevingar for dei
lokale, men og for besøkande.

Alle skulle hatt eit slik rom, av rom av uendelege moglegheiter!
Det er og sagt om prisvinnaren at: «Han har fleire gonger skapt ny musikk inspirert av Hilmar Aleksandersen og andre tradisjonar som finst i området. Han tek tak i det som har eksistert her frå før, vidareutviklar det – gir oss nye
perspektiv på det – og får fortid, notid og framtid til å henge saman på ein god måte som kan løfte
både enkeltpersonar og samfunnet».

I år har Kleivakongen kviskra til meg, at årets prisvinnar er utnemnt som ambassadør
for Kleivakongen si eiga regjering for det arbeidet han gjer med å:

a) å gi Kleivakongen sitt folka, altså de (publikum) gode kulturelle opplevingar.
b) å presentere arva etter meg (Kleivakongen) både i Norge og internasjonalt
c) å få fortid, notid og framtid til å henge saman på ein god måte som kan løfte både enkelt personar og samfunnet – fordi det treng vi meir av over alt!

Kleivaprisen 2025 går til jazzmusikaren, saksofonisten, komponisten, arrangøren og ikkje minst
pedagogen John Pål Inderberg.

Publisert: 24. mai 2025, 19:38